Fjørtofta og Harøya knytte saman

I Nordøyvegsambandet blei Fjørtofta og Harøya i ettermiddag knytte saman, då det blei gjennomslag i Fjørtoftfjordtunnelen. To av tre tunnelar er no ferdig sprengt, medan det i Nogvafjordtunnelen står igjen 117 meter. Gjennomslag er venta tidleg i mai. Det gjenstår mykje etterarbeid, men første del av Nordøyvegen blir etter planen opna rett før jul.

Gjennomslag Fjørtofta - Harøya på Nordøyvegen
Foto: Møre og Romsdal Fylkeskommune