Fjørtoft har ikkje trena med noko lag sidan han kollapsa i ein kamp i allsvenskan i fjor sommar, og blir godt motteken av AaFK-spelarane, seier assistenttrenar Jan Erik Sørnes.
Jan Erik Sørnes
Sørnes synest det er svært positivt at Fjørtoft no så smått er i gang med å trene saman med laget. Han seier likevel at Fjørtoft neppe er i fysisk form til tippeligaspel om ein månad.
– Han skal få trene seg opp i ro og mak, og den dagen han er klar så brukar vi han, seier Sørnes.
Fjørtoft driv no mykje eigentrening på treningsfeltet til Aafk, seier Sørnes.