Hopp til innhold

Usikker framtid for Valldal-Geiranger

Trass i auka i trafikk er det usikkert om det blir ny kontrakt mellom Fjord1 og turistferja mellom Valldal og Geiranger til neste år.

Valldal-Geiranger

Dei korte kontraktane til no har gjort det vanskeleg å satse på marknadsføring, seier ein av dei lokale som har engasjert seg i turistferja, Rangar Lødøen.

Foto: Gunhild Vike Nerås / NRK

Mot slutten av hausten set Fjord1 internt seg ned for å diskutere om det er berekraftig for drifta å fortsette med turistferje mellom Valldal og Geiranger.

Selskapet vil ikkje seie om det blir tatt sikte på å få til ei ny kontrakt.

Lønner seg ikkje

For sjølv om det har god auke dei siste sommarane, med mellom 15 og 20 prosent meir passasjerar i år enn i fjor, er det ikkje til å legge skjul på at turistferja i Valldal ikkje er spesielt lønnsam totalt sett, seier kommersiell direktør i Fjord1, Stian Hårklau.

– Av dei turistrutene vi har, så er det Valldal-Geiranger vi har hatt mest utfordringar med å få ei forsvarleg økonomisk drift på.

Han seier det for selskapet sin del er for tidleg å seie kva som skjer frå 2015 og framover.

Les og:

«Ei tragedie om ferja blir lagt ned»

Ragnar Lødøen har lang fartstid frå reiselivsnæringa i området. No er han pensjonist, men han brenn framleis for turistferja.

– Det blir vanskeleg å marknadsføre turistferja på skikkeleg vis når vi aldri kan vere sikre på om ho er her om dei neste to åra eller ikkje, seier han.

– Det er ei tragedie om den blir lagt ned, for her ligg det store moglegheiter for inntening. Men ein må vere villig til å ta dei rette grepa.

Les og:

Av tiltak som kan gjerast nemner han å utvide sesongen ferja går, og å sette inn ei større ferje slik at bilar ikkje blir sett att.

Lødøen håpar og trur som fleire i lokalmiljøet at turistferja vil halde fram. Mest av alt skulle han ønske Fjord1 våga seg på ei seg ei lengre kontrakt.

– Vi håpar på positivt vedtak frå Fjord1 om ny kontrakt utpå hausten. Her er eit betydeleg potensial som berre er delvis utnytta i dag, så at det ikkje lønner seg er ikkje eit haldbart argument.