Hopp til innhold

Alle kan vere «Storkaren»

Etter fjorårets suksess utvidar Fjord Cadenza i Skodje til eit enda meir omfattande program. Ein nyskriven jazzopera blir øvd inn i Gomerhuset med «Storkaren» Magne Fremmerlid i spissen.

Musikkfestivalen Fjord Cadenza i Skodje byr i år på nyskriven norsk jazzopera. Ein ikkje ukjend skøyebygdar med stilling på Den Norske Opera har hovudrolla i operaen som har tittelen "Storkaren".

«Storkaren» vil spelast av Magne Fremmerlid under Fjord Cadenza i august.

Suksessen frå Fjord Cadenza 2011 gjer at årets festival vert utvida. «Storkaren» er ei tragisk historie om ein norsk sjømann i New York som har hamna utpå. Tekst og musikk i operaen er skrive av Helge Førde og Ronnie M.A.G. Larsen for the Brazz Brothers og Magne Fremmerlid.

Helge Førde

Tekst og musikk i operaen er skrive av blant anna Helge Førde.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Magne Fremmerlid

Magne Fremmerlid skal spele «Storkaren».

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK
– Eg har alltid drømt om å plassere ein ordentleg bassongar samen med brassintrumentet og slagverket til Brazz Brothers. Det er veldig spennande, men vi trur at det vil fungere godt, seier Førde.

Opera som raud tråd

Ifølgje nettsida til kulturnett Møre og Romsdal skal festivalen opnast med eit fyrverkeri av ein opningskonsert, der ein får sjå blant anna The Brazz Brothers og Magne Fremmerlid, som vil gje publikum en forsmak på årets raude tråd – opera. Fjord Cadenza 2012 arrangerast 8.–12. august, og samtidsoperaen «Storkaren» har urpremiere laurdag 11. august.

Operasongaren Magne Fremmerlid meiner at alle kan vere storkarar, men at det gjeld mest det som har draumar av større dimensjonar.

– Storkaren kunne vore ken som helst av oss, i alle fall dei av oss som har draumar om å nå langt. Eg begynte på Samvirkelaget på Skodje, men etter kvart fann eg ut at det var for smått. Eg hadde kanskje ikkje mål om å reise til Hollywood, men eg ville ut å sjå kva livet hadde å by på andre stader, fortel Fremmerlid.

Tragedie

Helge Førde seier at «Storkaren» inneheld mange av dei tradisjonelle operakjenneteikna.

– Du veit, i opera er det mykje død. I denne operaen gjer vi det fort og gale. Det første han gjer på scena er å døy. Så da er det gjort. Deretter lev sjela hans vidare, og da er det berre fantasien som kan setje grenser for kva som kan skje, seier Førde med ei smil.

Unge utfoldar seg

Kulturnett Møre og Romsdal skriv at visjonen til Fjord Cadenza er å vere ein profesjonell konsertarena der unge talent får moglegheit til å utfolde seg saman med internasjonale stjerner. I år er unge musikarar frå Ålesund Orkesterskole, og Borg Sangskole involvert i seks av konsertane deira.

«Dette er viktig for oss, både med tanke på musikken de hjelper oss å presentere, men også med tanke på å gi disse unge musikerne gode og store musikkopplevelser.» - dette skriv Kulturnett.