Hopp til innhold

Er redd ferjerot skal skade omdøme

Fjord 1 fryktar at alle problema den siste tida skal skade omdømet til selskapet.

Rauma

GJEKK PÅ LAND: MF «Rauma» kort tid etter at ho mista motorkrafta og grunnstøyte torsdag kveld.

Foto: Roar Strøm / NRK

Det er ingen merkar i bergveggen etter grunnstøytinga ved Hollingsholmen i går, men for passasjerane som reiser på ruta Aukra – Hollingsholmen har alle feila sett spor.

Andreas Langås

IKKJE NØGD: Ferjepassasjer Andreas Langås har ikkje sett noko betring av ferjetilbodet.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK
Frode Ohr

FRYKTAR FOR OMDØMET: Frode Ohr i Fjord 1 MRF seier problema skadar omdømet til selskapet.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK
Jon Aasen

HAR KRITISERT: Fylkesordførar Jon Aasen seier dei har kritisert det dårlege materiellet til ferjeselskapet.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK
Ferje

GAMLE: Ferjene til Fjord 1 er gamle, no håpar selskapet på å skifte ut nokre av dei.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

– Det er like dårleg som alltid, det er i alle fall ikkje meir stabile ferjestrekningar no. Det er plagsamt når du går skift og ikkje kjem heim om natta, seier ferjepassasjer Andreas Langås.

LES ÒG:

Den siste tida har det vore mange feil på ferjer i fylket. No er Fjord 1 redd for omdømet sitt.

– Heilt klart, omdømet vårt blir skada. Me lid under dette her. Ikkje berre omdømemessig, det er også kostbart for selskapet, seier Frode Ohr, viseadministrerande direktør i Fjord 1 MRF.

Gamle ferjer

Fjord 1 har ein del gamle ferjer og innrømmer at nokre av dei burde vore bytta ut.

– Me har mykje eldre materiell som ikkje er bygd for det transportformålet som det burde ha vore, ut frå dagens trafikk. Det er nok element ved desse fartøya som me på sikt ser at det er naudsynt å bytta ut, seier Ohr.

– Kva skal til for at de kan bytte ut ferjene?

– Alle ferjesambanda i fylket er jo sett ut på anbod. Det betyr at det er krava som styresmaktene set som gjeld, og set dei låge krav så vert produktet deretter.

LES ÒG:

Ventar standardheving

Tidlegare var det staten som hadde ansvaret for ferjedrifta, no har fylkeskommunen teke over.

– Me er tett på brukaren, og me har kritisert det dårlege materiellet, så eg vil tru at ein kan vente seg ei standardheving, seier fylkesordførar i Møre og Romsdal, Jon Aasen.

– Anboda vert ikkje endra før det vert lagt ut nye, men kva kan gjerast no, Frode Ohr?

Det er no ein enkel måte å løyse dette på, og det er jo at oppdragsgivar kan gjera ein bestilling på betre standard eller betre kapasitet på avløysings- og reservefartøy, seier Ohr i Fjord 1 MRF.

Reserveferjer på agendaen

Video Redd for omdømet

VIDEO: Fjord 1 fryktar at alle problema den siste tida skal skade omdømet til selskapet. Ferjene er gamle, og no håper dei på å kunne få skifta ut ein del av utstyrsparken.

I neste samferdsleutval står nettopp det med reserveferjer på agendaen. Og fylkesordførar Aasen meiner at standarden på erstatningsmateriellet har vore for dårleg poengtert i dei kontraktane som har vore fram til no.

Fjord 1 MRF svarer at det ikkje er så mykje dei kan gjere for å betre situasjonen.

– Me har jo dei fartøya som me har, og prøver å disponera dei etter beste fattige evne. Og det er no situasjonen slik han er for oss per dags dato.