NRK Meny
Normal

Då Kristin gjekk tur oppdaga ho plutseleg at fjøra var rosa

– Eg har aldri sett dette før og vart overraska, seier Kristin Rørhus. Då ho gjekk tur til naustet i Stettevika på Sunnmøre låg det tusenvis av død kril i fjøra.

Kristin Rørhus fann døde krill i fjøra i Stettevika

Kristin Rørhus var overraska over synet som møtte henne i fjøra ved Stettevika i Skodje.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Døde krill i fjøra på Stette

Den døde krilen fargar fjøra rosa.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Det var fredag Kristin Rørhus oppdaga at fjøra ved naustet hadde ein uvanleg farge. Ho trudde først at alt det rosa som låg i sanden måtte vere døde reker. Dagen etterpå gjekk ho same turen og då var det kome mykje fleire skaldyr.

– Eg har budd nær sjøen i mange år, men noko slikt har eg aldri sett før, seier Rørhus.

Ho tok bilete av den rosafarga stranda og la det ut på Facebook. Mange har kome med teoriar om kvifor krilen har døydd. Nokre meiner dei har blitt jaga av ein spekkhoggar, andre skuldar på oppdrettsnæringa.

Kan ha blitt pressa av sei

Tommy Vangsmo

Akvarist Tommy Vangsmo utelukkar ikkje at krilen har blitt jaga på land av fisk.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Også i Nordland har folk opplevd død kril i strandsona dei siste dagane. I fjøra i Vefsn var eit område på 50–60 kvadratmeter farga rosa.

Akvarist Tommy Vangsmo ved Atlanterhavsparken i Ålesund seier at død kril dukkar opp med jamne mellomrom. Han trur ikkje det har noko med oppdrettsnæringa å gjere, og det har definitivt ingenting med spekkhoggar å gjere. Men krilen kan ha blitt jaga av anna fisk.

– Det er ikkje utenkeleg at krilen har blitt pressa på land av ein seistim og blitt fanga i fjøra. I mars månad er det veldig grunn fjøre, forklarer Vangsmo.

Skjer i heile verda

Dr. Tone Falkenhaug ved IMR

Tone Falkenhaug ved Havforskingsinstituttet seier at dei veit lite om kril i fjorden.

Foto: Havforskningsinstituttet

Tone Falkenhaug frå Havforskingsinstituttet seier at dei får rapportar om liknande tilfelle opp til fire gongar i året og at det er funne store mengder kril på strender i andre delar av verda.

Dei er ikkje sikre på årsaka, men har ein teori om at krilen, som flyttar seg frå djupet om dagen til overflata om natta, kan ha blitt fanga av tidvatn og straum i havet og enda på stranda.

– Det er ikkje veldig vanleg å finne mengder med død kril, men heller ikkje uvanleg, seier Falkenhaug. Krilen går i tette stimar. Dersom dei blir fanga av straumar, kan det føre til at dei strandar i store mengder.

– Mest truleg utgjer ikkje dette ein fare for bestanden, men vi veit lite om kril i fjordane. Det er noko vi ynskjer å sjå nærare på, seier forskaren.

Håper krilen forsvinn til badesesongen

Ved naustet til Kristin Rørhus luktar det sterkt av skaldyr. Ho hadde håpa at måsen ville forsyne seg av krilen, men det har så langt ikkje skjedd.

– Vi håper jo å kunne bruke området til bading når den tid kjem, så eg håper dette var eit eingongstilfelle, seier Rørhus.