Hopp til innhold

Fjerdeplass til Solevåg

Spjelkavik-alpinisten Sebastian Foss Solevåg enda til slutt på ein fjerdeplass under opninga av verdscupen i alpint i Levi i Finland i dag.

Sebastian en hundredel fra pallen

Spjelkavik-alpinisten Sebastian Foss Solevåg opna sterkt under verdscupopninga i Levi i Finland i dag.

Søndag byrjar verdscupsesongen for Spjelkavik-alpinisten Sebastian Foss Solevåg. Slalåmspesialisten såg fram til å overgå sist sesong.

– Det blir godt å komme i gang, for no er det lenge sidan sist. Vi har førebudd oss i heile sommar og haust på dette, sa Solevåg til NRK laurdag.

Imponerande fyrste omgang

Spjelkavik-alpinisten Sebastian Foss Solevåg imponerte og køyrde inn til ein foreløpig tredjeplass i fyrste omgang under verdscuprennet i slalåm i Levi Finland søndag.

Solevåg låg an til ein andreplass i andre omgang av verdscupen i Levi. Han tapte litt tid på nokre feil i mellompartiet, men køyrde godt etter det.

Spjelkavik-alpinisten enda til slutt på ein fjerdeplass 1,32 sekund bak norske Henrik Kristoffersen på fyrsteplass, og berre ein hundredel bak tredjeplassen Felix Neureuther.

– Det er utruleg herleg! Hadde nokon sagt at eg kom til å ende på fjerdeplass hadde eg aldri trudd det. Eg gav full gass, og det gjekk nesten, seier Solevåg til NRK sin reporter i Levi etter målgang.

Til trass for karrierebeste var det likevel litt bittert for Ålesundaren å vere ein hundredel frå tredjeplassen.

– Nei off, eg veit ikkje heilt. Det var fleire plassar eg kunne ha spart inn tid, seier han.

Solevåg trur det unge laget har mykje å lære av kvarandre, og meiner ein ikkje har sett det beste av laget enno. Han har framleis god tru på den komande sesongen.

– Vi gir oss ikkje før vi har tapetsert pallen, seier ein lattermild Solevåg.

– Skal du på pallen då?

– Eg skal i alle fall prøve, seier Solevåg og smiler.

Henrik før 2.omg: Jeg kjører ikke for femte plasser

Mykje reising

Han har hatt ein veldig bra oppkøyring til sesongen. I haust har han vore saman med landslaget i Chile, Austerrike og no i Finland. Til saman har det blitt 60 skidagar før sesongen byrjar på søndag.

– Det har vore mykje reising. Det blir over 260 reisedøgn i året.

Når han ikkje reiser med landslaget er prioriteringane til Foss Solevåg klare.

– Då ligg eg som oftast rett ut heime og slappar av. Og reiser på ferie og sånn når eg har tida til det.

Frå no og utover vinteren blir det ikkje tid til noko ferie. Etter rennet søndag skal ålesundaren køyre europacup i Levi neste helg, før turen går til USA, så til Frankrike og Italia.

Seint på kvelden vesle julaftan kjem han heim til Ålesund.

– Då blir det tre dagar juleferie.