Hopp til innhold

Fjerdeplass til Lundanes

Olav Lundanes og resten av det norske laget sprang inn til ein fjerdeplass under dagens VM-stafett i orientering.

Olav Lundanes

FJERDEPLASS: Det norske stafettlaget sprang inn til ein fjerdeplass under dagens stafett i Italia.

Foto: SÖREN ANDERSSON / NTB scanpix

Både herre- og kvinneklassa til Norge løp inn til ein fjerdeplass på VM- stafetten i orientering i Italia i dag.

Der sprang blant anna Ålesundaren Olav Lundanes. Lundanes blei i går verdsmeister i mellomdistanse i orientering og tidlegare i veka sikra han norsk bronse på langdistansen. Lundanes sa dette etter sigeren i går.

– Det byr på nye gode medaljemoglegheiter, så det vert artig.

Utanfor pallen

Til trass for høge medaljehåp hamna det norske laget akkurat utanfor pallen under dagens VM-stafett i Italia.

Det norske herrelaget låg på 12. plass etter at Øystein Kvaal Østerbø hadde sprunge fyrste etappe, men Carl Godager Kaas tok Noreg opp til ein femteplass.

Han gav difor ankermann Olav Lundanes, som vant VM-gull fredag, eit godt utgangspunkt.

Verdsmeisteren starta bra, men klarte ikkje å ta inn noko særleg på tida til trioen som låg i tet. Noreg hamna difor på same plassering som kvinnene, seks sekund bak det svenske vinnarlaget.

Sverige vant stafetten framfor Sveits og Frankrike.

NTB/NRK