Hopp til innhold

Fjelltun viktig for Nordlys-aksjon

- Me har sett det her og med Fjelltun. Det utenkjelege skjer, seier varabrannsjef Johnny Stølen. Erfaringane var viktige då hurtigruta Nordlys tok fyr sist torsdag.

Det foregår en kontrollert utbrenning i boligblokken i Fjelltunveien i Ålesund.

GAV ERFARING: Arbeidet med Fjelltun-raset vart viktig for brannvesenet i Ålesund.

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Johnny Stølen

VIKTIG ERFARING: - Det utenkjelege skjer. Då er øving viktig, seier varabrannsjef Johnny Stølen i Ålesund.

Foto: Åge André Breivik / NRK

- Me er veldig fornøgde med innsatsen. Men det tragiske i at to menneske omkom overskyggar gleda over å ha gjort ein god jobb i å stoppe brannen og redde båten, seier Johnny Stølen.

Han er varabrannsjef i Ålesund, og har vore med i staben til brannvesenet både etter Fjelltunraset i 2008 og etter Nordlysbrannen i førre veke.

- Det er slik det skal gjerast. Me skal få folk om bord i båten, sløkkje brannen og gjennomsøkje båten. Så skal me hjelpe mannskapet og passasjerane, fortel Stølen.

Trener med hurtigrutene

I Ålesund har brannvesenet ei såkalla RITS-gruppe, som står for ”Redningsinnsats til sjøs”. Denne gruppa har sidan i april i fjor trent fire gongar saman med hurtigruteskip.

- Me har fått på plass ein god del utstyr, som er spesielt godt eigna til båtbrann. Dette har vore øvd med, og det vart brukt denne gongen.

RITS-grupper er oppretta sju stader i Noreg. Mykje av grunnen til at Ålesund fekk ei slik gruppe kom våren 2008.

- Tid betyr mykje

Når brannen i Nordlys starta like utanfor Ålesund, gjorde det at Rits-gruppa til brannvesenet fekk kort reisetid. Det vart avgjerande, meiner Stølen.

- Tida betyr mykje. Hadde dette skjedd lenger til havs, skjer vår tilkomst gjennom 330-skvadronen, og Sea King-helikopter. Me veit at me då må ha flytid frå Florø, og så frå Ålesund og ut til båten. Då tar det timar før innsatsen er på plass, og båten må greie seg med sitt utstyr og sine mannskap, seier varabrannsjefen.