Fjellstua og trappene opp byfjellet Aksla er eitt av Noregs mest populære utsiktspunkt. Sidan 18. august i fjor har trappene vore stengt for restaurering, og både fastbuande og turistar har sakna å kunne ta turen opp dei 418 trinna i fjellsida.
Den 16. mai vert det offisiell opning i byparken, og frå klokka 13.00 kan du følgje opninga direkte på NRK Møre og Romsdal sine nettsider.
- LES OGSÅ:
Populært turistmål
Då trappene vart sperra av i fjor var det mange som lurte seg forbi sperringane. Utan rekkverk og utan skikkelege trapper utsette turistar seg for livsfare då dei gjekk der.
I år har tusenvis av turistar i Ålesund blitt skuffa fordi trappene var stengde, og mange har også trassa sperringane.
Berre veker før opninga vart det oppfordra om å halde seg vekke frå trappene slik at opninga ikkje vart utsett, og før i år var det også frykt for at det skulle skje alvorleg ulykker i dei nesten ferdige bytrappene.
Den 16. mai kan alle som vil igjen nytte trappene, og dei aller ivrigaste kan delta i fellesmarsjen som vert arrangert under opninga.