Hopp til innhold

Oppussinga av Fjellstua-trappene kan bli utsatt

No kan sommarsesongen bli redda for delar av turistnæringa i Ålesund.

Bytrappene

Tid og vêr har slite på trappe-løypa opp til utkikkspunktet Fjellstua. 10. april skal Ålesund bystyre ta stilling til når renoveringa skal skje.

Foto: Lena Stette Høyberg

Fleire reagerte sterkt då Ålesund kommune varsla at trappene opp til Fjellstua ville bli stengt frå mars til jul i 2014.

Bytrappa til Aksla har kulturhistorisk verdi

Dei 418 trinna opp til Ålesunds mest ynda utkikkspunkt skal verte renovert, men det er ikkje sikkert det skjer så snart som planlagt.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Dei 418 trappetrinna som leiar opp til Ålesunds mest ynda utkikkspunkt, utgjer ei svært viktig åre for turistnæringa og kafédrifta på Fjellstua.

Både dagleg leiar Helge Jan Farstad og leiar i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre, Geir Steinar Vik, frykta stenginga av trappene i sommarsesongen ville føre til eit amputert tilbod for dei nær 250.000 besøkande turistane som kjem til byen kvar sommar.

No kan det svært godt hende at dei slepp å uroe seg meir.

Manglar framleis finansiering

Ifølgje rådmann Jarle Bjørn Hanken er restaureringa av trappene utsett minst til bystyremøtet 10 april. I yttarste konsekvens kan oppussinga måtte vente til etter sommaren.

På det komande bystyremøtet skal leiinga i byen ha sin fyrste gjennomgang av investeringsbudsjettet, som følge av Ålesund sin innsteg i ROBEK-lista.

Dette inkluderar kommunar som har såpass dårleg økonomi at dei må ha statleg godkjenning for kvar investering og låneopptak.

Jarle Bjørn Hanken

Rådmann Jarle Bjørn Hanken i Ålesund kommune seier dei enno ikkje har fått på plass pengar til å restaurere Fjellstu-trappene.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Det er ein del prosjekt som vil bli sett på vent som følgje av dette. Fjellstu-prosjektet er ikkje utsett enno, men dersom det skal gjennomførast så må både kommunen godkjenne det, samstundes som vi må klare å finansiere det, seier Hanken til NRK.

Enn så lenge har kommunen nemleg ikkje pengar til å finansiere oppussinga.

– Dersom oppussinga blir gjennomført, så blir det truleg ikkje oppstart før etter sommaren. Dermed slepp ein å stengje trappene i sommarsesongen.

Grunnen til at ein ikkje kan stadfeste utsetjinga i dag, er at saka enno ikkje har vorte formelt handsama i bystyret.

Dette er saka

Kommunen vil bruke 8,4 millionar kroner på den sårt tiltrengde utbetringa av bytrappene.

80 prosent av dei 418 trappetrinna må erstattast av nye, støypt i betong. Andre må murast opp att i naturstein.

Slitasjen på trappene, rekkverka og belysninga er openberr. Kommunen planlegg at turistar og andre skal bruke ei alternativ turrute opp på byfjellet medan gamletrappa blir utbetra.

Denne ruta vil gå gjennom fleire bygater i området ved foten av fjellet, og opp den bratte Vannspringdalen som endar i ei anna, og kortare trapp lenger aust på byfjellet.

Rotvelt i bytrappene
Foto: Lena Stette Høyberg

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL