NRK Meny
Normal

Fitsum (25) får hjelp til øvingskøyring på norske vintervegar

For 25-åringen frå Eritrea kunne det blitt ei rådyr affære å ta sertifikat. No får han hjelp av frivillige som stiller opp til øvingskøyring.

Fitsum Haile

Fitsum Haile seier det hadde blitt svært dyrt om han måtte ta all køyring hos ein køyreskule. Han hadde aldri køyrt bil før då han fekk tilbod om å køyre gratis hos ein erfaren sjåføre.

Foto: Roar Strøm

Mange unge menn drøymer om å kunne ta sertifikatet og få seg bil. Draumen kunne blitt uoppnåeleg for 25 år gamle Fitsum Haile, som kom til Noreg frå Eritrea for tre år sidan. Men no er han i full gang med øvingskøyring.

Bil i vinterlandskap

Øvingskøyring på norske vintervegar var noko heilt nytt då Fitsum Haile kom til Noreg for tre år sidan. No begynner han å få taket på det.

Foto: Roar Strøm

– Dersom eg må gå direkte til køyreskulen kostar det mykje pengar, seier han.

– Treng du mykje hjelp?

– Ja, vedgår han.

Har køyrt fast i to år

25-åringen er ein av ti flyktningar som no får hjelp frå frivillige, godt vaksne og erfarne bilistar i Vestnes. Her får dei øvingskøyre gratis, slik at dei slepp å bruke alt for mange timar hos køyreskulane.

Tidlegare fylkeskultursjef Arvid Blindheim er ein av dei som stiller opp. Han har vore fast køyrepartnar for Haile i to år, og det har vore ein suksess.

Arvid Blindheim

Arvid Blindheim syns det er meiningsfullt å vere gratis køyrelærar for 25-åringen frå Eritrea. Dei to har møttes for å drive køyretrening i to år.

Foto: Roar Strøm

– Han hadde ikkje køyrt då vi starta. Då begynte vi på flystripa på Ørskogfjellet. No begynner han å bli ein veldig dyktig sjåfør, og det er artig å oppleve og å få lov til å vere med på, seier Blindheim.

Takkar for hjelpa

Tordis Sivertsen

Tordis Sivertsen seier flyktningane som kjem utan foreldre har ekstra behov for hjelp til å ta sertifikat. Ho er takksam for at så mange frivillige stiller opp.

Foto: Roar Strøm

Det er Røde Kors som står bak tilbodet, som er ope for alle som vil. Flyktningkoordinator Tordis Sivertsen i Vestnes er kjempeglad for at folk brukar fritid til å lære andre å køyre. Ho viser til at dei som kjem utan familie ikkje har høve til å lærekøyre med eigne foreldre, slik som mange andre kan.

– Dei fleste som er her er jo utan familie. Derfor er behovet veldig stort, så vi er veldig takknemleg for dei som har stilt opp, seier ho.

Ei ny erfaring

Det blir også litt humring bak rattet når Haile og Blindheim er på vegen. Spørsmålet frå NRK-reporteren om glattkøyring er det ein mann frå Eritrea er mest vand med utløyser ei latterkule i bilen.

Nei, det er nok ikkje det, men i Noreg må du kunne det, ler Blindheim.