Hopp til innhold

Fiskerinæringane kritiske til Søviknes-forslag

Både fiskebåtreiarane og Fiskarlaget er sterkt kritiske til at statsråd Terje Søvknes vil fremje forslag på Frp-landsmøtet om oljeboring på Møreblokkene og andre kontroversielle havområde.

Audun Maråk

Audun Maråk er administrerande direktør i Fiskebåt

Foto: Ole-Ottar Høgstavoll / NRK

Fiskerinæringa er ikkje nådig i kritikken av olje- og energiminister Terje Søviknes når han flaggar synet sitt i saka som gjeld oljeutvinning eller ikkje i kontroversielle havområde.

Som sentralstyremedlem i Framstegspartiet kjem Søviknes i helga til å foreslå at det snarast blir greidd ut for oljeboring både på Møreblokkene, ved Jan Mayen, innan Svaldbordsonen og i Lofoten/Vesterålen.

– Terje Søviknes må ha gløymt at han er statsråd og skal administrere ein avtale der viktige vekst- og gyteområde er verna for oljeverksemd. Han kan ikkje ri to hestar samtidig som statsråd, tordnar dagleg leiar Audun Maråk i fiskebåtreiarane sin organisasjon Fiskebåt.

Maråk meiner Søviknes gir svært uheldige signal også når det gjeld realitetane i saka.

– Vi har ein statsråd som langt på veg ikkje står inne for den avtalen han sjølv er ein del av, altså dei politiske samarbeidspartane sine, legg Maråk til.

Kompromisslause

Maråk seier fiskerinæringa har ei klar melding tilbake til statsråden og alle politiske parti.

– Vi er kompromisslause når det gjeld viktige gyte- og oppvekstområde. Vi akseptarar sameksistens i andre område, men på viktige felt som Møreblokkene, Lofoten, Vesterålen, Senja og sårbare område lenger nord, ønskjer vi å verne permanent, seier han.

– Men Søviknes meiner jo dette er ein viktig ressurs som nettopp bør utnyttast i vanskelege tider og gi sårt tiltrengde arbeidsplassar?

– Vi godtek jo at det skal vere oljeaktivitet i dei fleste havområda våre, men ikkje i desse mest sårbare områda. Av erfaring veit vi at fiskeria blir skadelidande av auka oljeaktivitet, seier Audun Maråk.

Han fryktar det også vil vere stor fare for at heile årsklasser av bestandar av torsk, hyse og sild kan ryke med ved ei oljeutvinning i områda Søviknes peikar ut.

– Dette kan vi ikkje leike oss med, seier ein engasjert Audun Maråk.

Den daglege leiaren i Fiskebåt legg til at det neppe er politisk realisme i framlegget frå Terje Søviknes.

– Slik dei politiske vindane bles no, inneber det at det politiske fleirtalet har tatt fornuftige val, seier han.

Fiskerilaget med klar tale

Møre og Romsdal Fiskarlag har også liten sans for forslaget Søviknes.

– Dette er eitt av dei viktigaste gyte- og oppvekstområda for silda i heile Norskehavet og langt opp nord i Barentshavet. Eit utslepp eller uhell i desse områda vil få svært alvorlege konsekvensar for både sildestammen og andre bestandar, meiner dagleg laiar i fiskarlaget, Ole Morten Sorthe.

Ole Morten Sorthe

Ole Morten Sorthe i Møre og Romsdal Fiskarlag meiner Møreblokkene og sårbare havområde må verjast for oljeboring.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Han meiner områda Søviknes har sett seg ut for oljeboring, er mellom dei områda i Norskehavet der det er umogleg med sameksisten mellom olje og fisk.

– For desse blokkene er vi heilt klare; dei skal øyremerkast fisk og ikkje noko anna, seier Ole Morten Sorthe.