Hopp til innhold

Striden om fiskekvotar til Høgsterett i plenum

Striden om tidsavgrensing av fiskekvotar blir behandla av 19 dommarar i høgsterett, såkalla Høgsterett i plenum. Det skjer svært sjeldan.

Fisketråler

PENGESTRID: Striden om fiskekvotar er striden mellom eigedomsrett på den eine sida og politikarane sin styringsrett på den andre. Det handlar truleg om milliardar av kroner.

Foto: ARKIV / Scanpix

Fiskebåtreiar Eivind Volstad i Ålesund gjekk til sak mot staten i 2007, etter at Stortinget vedtok å tidsavgrense fiskekvotane til 25 år.

Les også:

Tilbakeverkande kraft

Eivind Volstad

REIAR: Fiskebåtreiar Eivind Volstad frå Ålesund går i bresjen for at fiskekvotane ikkje skal bli tidsavgrensa til 25 år.

Foto: NRK

Det var særleg vedtaket om å gje forskrifta tilbakeverkande kraft som fekk reiarane til å reagere.

Reiarane meiner tidlegare tildelte kvotar er gitt til dei for evig tid, og vann fram med saka både i tingretten og lagmannsretten.

Sommaren 2012 vedtok Borgarting lagmannsrett at innføringa av tidsavgrensa kvotar strir mot hovudregelen i grunnlova om at lovendringar ikkje skal ha tilbakeverkande kraft.

Fiskeri- og kystdepartementet anka dommen, og saka skal no altså opp i Høgsterett i plenum, fordi det skal avgjerast om den nye forskrifta strir mot grunnlova.

I fjor var det berre 2 av over 2000 høgsterettssaker som vart behandla i plenum.

Verdt milliardar

Ifølgje Voldstad fekk rundt 40 trålarar evigvarande struktureringskvotar under Bondevik-regjeringa i 2005.

Dette er fiskerettar som truleg er verdt fleire milliardar kroner.

Fiskeri- og kystdepartementet meinte omsyn til samfunnet talte for eit unntak frå hovudregelen i grunnlova om at lovendringar ikkje skal ha tilbakeverkande kraft.

Dei anka difor dommen både frå Oslo tingrett og frå Borgarting lagmannsrett. Det er ikkje avgjort når saka skal opp for Høgsterett i plenum.