NRK Meny
Normal

Fiskekaker og jazz i fjøra

Det er ikkje alt som skjer på dei store scenene under Jazzfestivalen i Molde. Torsdag kunne folk ta seg ein tur til Moldefjorden og nyte både musikalske og gastronomiske opplevingar.

Østlending inviterte naboar og jazzvener til fiskekaker og jazzkonsert i fjøresteinane ved Moldefjorden.

Sjå tv-saka: Jon-Kristian Johnsen arrangerte intimjazz i fjøresteinane. Foto/redigering: Roar Strøm.

Austlendingen inviterte naboar og jazzvener til fiskekaker og jazzkonsert i fjøresteinane ved Moldefjorden torsdag.

Jon-Kristian Johnsen

Jon-Kristian Johnsen arrangerer intimjazz for andre år på rad.

Foto: Roar Strøm / NRK

Til vanleg bur Jon-Kristian Johnsen på Grønland i Oslo. Han er styreleder i Kampen Jazz i hovudstaden, men brukar stadig meir tid på Vestlandet.

Og med eiga hytte så nært sjøen som det er mogleg å kome i Romsdalen, ligg forholda perfekt til rette for ein stemningsfull og intim jazzkonsert i fjøresteinane.

– Dette er andre året vi arrangerer intimjazz. I fjor var vi mellom 35–40 personar. Det var alt frå naboar, til kjenningar til andre jazzinteresserte, fortel han.

Melankolsk musikk og vêr

Moldejazzpublikumet har for lengst lært seg å trosse dårleg vêr og varme seg på herleg mat og god musikk, og mange hadde tatt turen til jazzkonserten i fjøresteinane i dag.

Jon-Kristian Johnsen

Jon-Kristian Johnsen tek imot dei frammøtte.

Foto: Roar Strøm / NRK

Terje Aarø, syntest det er flott å få ein så initiativrik nabo.

– Det er heilt fantastisk. Veldig god mat og flott musikk. seier Aarø.

Musikarane Audun Barsten Johnsen og Emilie Bjørnstad stod for det musikalske bidraget.

Audun Barsten Johnsen og Emilie Bjørnstad

Musikarane Audun Barsten Johnsen og Emilie Bjørnstad underheldt dei frammøtte.

Foto: Roar Strøm / nrk

– Regnvêret bidreg til å skape ei intim atmosfære ettersom alle måtte stå under tak og ekstra tett. Vi får publikum nært på og det skapar ei hyggeleg stemning, seier Johnsen.

– Ja, det vart veldig intimt. Det var litt melankolsk vêr, men vi spelar melankolsk musikk så det passar eigenleg perfekt, seier Bjønstad.