– Atomdriven missil på avvegar er svært alvorleg for norske fiskarar

Norske fiskeriinteresser er svært uroa over meldingar om at ein russisk atomdriven rakett har forsvunne i Barentshavet. Barentshavet er rekna som berebjelken for norske fiskeri.

Fiskere i arbeid om bord på norsk tråler. Barentshavet.

Barentshavet er svært viktig for norsk fiskerinæring. Både torsk, hyse, lodde og andre fiskeslag for både den norske marknaden og for verdsmarknaden blir fiska opp der.

Foto: Helge Sunde / Samfoto

– Dersom den atomdrivne missilen som Russland leitar etter i Barentshavet er skada og lek, er det svært alvorleg for norsk fiskerinæring, seier informasjonsleiar Odd Kristian Dahle i organisasjonen Fiskebåt.

Odd Kristian Dahle

Odd Kristian Dahle er informasjonsleiar i interesseorganisasjonen for den havgåande fiskeflåten.

Foto: Håvard Jangaard Strand / NRK

Barentshavet er mellom dei mest fruktbare og produktive havområda i heile verda, og er rekna som berebjelken for norske fiskeri. Difor har meldingane om forsvinninga til ein russisk atomdriven rakett sendt sjokkbølgjer inn i norsk fiskerinæring.

Eit rykte er nok til å øydelegge

No uroar trålarnæringa seg både over at ein mogleg lekkasje kan ta livet av fisk, og over store ringverknader for det gode namn og ryktet til norsk fisk.

– Berre mistanken om at radioaktivitet kan ha lekt ut i dette område kan få store konsekvensar reint marknadsmessig. Vi er avhengig av å selje norsk fisk til utlandet, og berre eit rykte om at norsk torsk er farleg å ete, kan gi store konsekvensar, seier Dahle.

Torsk

Torsk i tonnevis blir dratt opp av Barentshavet. I år er kvoten på 775 000 tonn.

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

I tillegg til torsk blir det også fiska etter hyse, sei og lodde i Barentshavet. Noreg er Europas største fiskerinasjon og verdas 9. største fiskerinasjon. I 2016 blei det fiska 3,3 millionar tonn fisk.

Fisket går som normalt

Mange fiskefartøy er på fiske i Barentshavet no, og fisket går som normalt.

– Så lenge det ikkje er dokumentert nokon lekkasje, berre ein mistanke, er det ingen fare så langt. Det er ingen grunn til å vere uroa over trålarane våre som er på fiske i området no, seier Dahle.

Fisking i Barentshavet

Dei oransje båtane viser fiskebåtar i Barentshavet.

Foto: Marine Traffic

I mellomtida går rykta om missilen i det norske matfatet for fisk, verda rundt. Og trålarnæringa likar ikkje det som no kan stå på spel.

– Vi er opptekne av å fangste og selje berekraftig fisk frå verdas reinaste havområde. Vi kan ikkje akseptere at det skal vere atomureining i dette. Samtidig må vi stelle oss til det som skjer, og per no er ingen lekkasje påvist. Det er heller ikkje påvist at raketten faktisk ligg der. Vi ventar på kva realiteten i saka måtte bli, seier Odd Kristian Dahle.