Hopp til innhold

Fiskebåt på grunn utløyste storaksjon

Ingen av mannskapet på fem er skadde etter at ein fiskebåt gjekk på grunn i Austefjorden i Volda natt til tysdag.

Trålar på grunn i Austefjorden

Fiskebåten ligg 6–7 meter frå land ved Aurstad i Austefjorden i Volda.

Foto: Tormod Eldholm

– Fiskebåten kom seg laus for eiga maskin då floa kom, og var laus klokka 08.50, fortel Øyvind Giske Sundkvist, styrmann om bord på Redningsskøyta Idar Ulstein som var klar til å hjelpe båten.

Redningsskøyta har frakta to politifolk til staden. Politiet er nå om bord og snakkar med mannskapet og kapteinen.

– No ventar på at de skal verte ferdige og vil truleg avslutte så snart politiet er klare, seier Sundkvist.

Politiet har starta etterforsking og skal finne ut kvifor båten gjekk på grunn. Det er ikkje mistanke om at det skal ha vore rus inne i bildet, opplyser operasjonssentralen.

Full utrykking

fiskebåt på grunn nærbilde

Båten heiter Albacore er 26 meter lang.

Foto: Odd Harald Sundal

Alle naudetatar rykte ut etter at politiet klokka 06.31 tysdag fekk melding om fiskebåten, og også luftambulanse med dykkarar om bord vart kalla ut.

– Meldinga gjekk ut på ein trålar ligg med slagside halvvegs opp i fjøra, seier operasjonsleiar John Bratland i Møre og Romsdal politidistrikt til NRK klokka 06.40.

– Ingen skadde

Ikkje lenge etter vart det klart at ingen var sakna og at alle i mannskapet på fem var i god behald.

– Det vi må prøve å finne ut no er kva som har skjedd. Kva som er årsaka til at båten ligg der han ligg, det veit vi ikkje endå, seier Bratland.

Fiskebåt på grunn

Fiskebåten gjekk på grunn rundt klokka 03.30 natt til tysdag.

Foto: Odd Harald Sundal

Fiskebåten ligg 6–7 meter frå land og politiet har fått opplysningar om at han skal ha gått på grunn rundt klokka 03.30. Skroget er helt og der er ingen lekkasje.

Båten heiter Albacore, er ein kystnotbåt. Den er registrert på Bulandet og er eigd av selskapet Ottobas AS. Fred Otto Norheim, som er dagleg leiar i Ottobas AS, er sjølv om bord i båten. Han ynskjer ikkje å kommentere grunnstøytinga utover at det var i forbindelse med fiske ulykka skjedde

– Vi som er om bord meiner situasjonen er under kontroll. Vi ventar på høgvatn og situasjonen er ikkje dramatisk. Det ser verre ut enn det er, seier Norheim.

Albacore på veg ut fjorden etter at ho kom seg av grunna

Fiskebåten Albacore på veg ut fjorden etter at ho kom seg av grunna.

Foto: Arne Flatin
Trålar på grunn i Austefjorden

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL