Laster kart, vennligst vent...

Fiskebåt på grunn i Austefjorden

  • Fiskebåten kom seg løs 8.50

    Båten som gikk på grunn i Austefjorden kom seg løs for egen maskin da floa kom. Redningsskøyta trengte ikke bistå båten, men de har fraktet politiet til stedet. Politiet har vært om bord for å snakke med mannskap og kaptein. Det opprettes etterforskning, men det er ikke mistanke om at det skal ha vært rus inne i bildet, opplyser operasjonssentralen.

  • Ventar på flo for å hjelpe trålar

    Politiet melder at trålaren i Austefjorden i Volda ligg om lag 6-7 meter frå land og at dei har fått opplysningar om at han skal ha gått på grunn rundt klokka 03.30. No blir det venta på flo for å få laus den 26 meter lange trålaren, og redningsskøyte er på veg for å bistå.

    Fiskebåt på grunn
    Foto: Odd Harald Sundal
  • Ingen personar skadde

    Ingen av mannskapet på fem er ifølgje politiet skadde etter at ein trålar har gått på land i Austefjorden i Volda. Alle naudetatar rykte ut etter at politiet klokka 06.31 fekk melding om trålaren, og også luftambulanse med dykkarar om bord vart kalla ut. Skroget er heilt og der er ingen lekkasje. – Det vi må prøve å finne ut no er kva som har skjedd. Kva som er årsaka til at trålaren ligg der han ligg, det veit vi ikkje endå, seier operasjonsleiar John Bratland i Møre og Romsdal politidistrikt til NRK.

  • Trålar gått på land i Austefjorden

    Alle naudetatar er på veg etter at politiet klokka 06.31 fekk melding om ein trålar som har gått på land i Austefjorden i Volda. – Meldinga går ut på at trålaren ligg med slagside halvvegs opp i fjøra, seier operasjonsleiar John Bratland i Møre og Romsdal politidistrikt til NRK. Ifølgje Bratland er også Hovudredningssentralen varsla og luftambulanse med dykkarar om bord er på veg.