Det var rundt klokka 06.00 fredag morgon at båten kantra i Syltefjorden i Vanylven kommune. Det var Hovedredningssentralen Sør-Noreg som først melde om hendinga.
– Vi fekk beskjed om at ein båt var i ferd med å kantre og starta ein aksjon, seier Steinar Vatne ved Hovedredningssentralen.
Dei fire om bord kom seg over i ein annan båt.
– Vi har snakka med dei og dei er i god behald. Dei skal aldri ha vore i vatnet, seier Steinar Vatne ved Hovedredningssentralen.
Han fortel vidare at personane som var om bord har truleg blitt frakta i land til næraste hamn.
Det er så langt uklart kva som var årsaka til kantringa.
– Det vil truleg dei vidare undersøkingane kunne gi svar på, seier Vatne.
Jobba med å berge båten
Redningsskøyta Idar Ulstein og ein lettbåt har fredag morgon jobba med å berge fiskebåten.
– Havaristen har blitt slept til eit grunnare område slik at den kan bli berga seinare i dag, fortel mannskapet om bord i redningsskøyta til NRK like før klokka 09.00.