Fiskebåt fekk slagside i Vanylven.
Foto: Tor Arne Aasen

Fiskebåt kantra i Syltefjorden

  • Slepte båt

    Redningsskøyta Idar Ulstein og ein lettbåt har jobba med å berge fiskebåten som kantra i Syltefjorden i Vanylven i dagtidleg. Havaristen blir slept til grunt vatn slik at den kan bli berga seinare, opplyser Redningsselskapet.

    Laster Twitter-innhold
  • Fiskebåt kantra

    Ein fiskebåt med fire personar om bord kantra i Syltefjorden på Sunnmøre rundt klokka 06.00. Det melder Hovedredningssentralen Sør-Noreg. Alle personane skal vere i god behald og tok seg over i ein annan båt. Det blir no jobba med å berge båten.

    Fiskebåt fekk slagside i Vanylven.
    Foto: Tor Arne Aasen