NRK Meny

Fiskebåt grunnstøytte

Ein fiskebåt med to personar ombord grunnstøytte på Hesteskjæret nord for Averøya litt før klokka halv tre i natt. Redningsskøyta blei tilkalla og assisterte båten til land i Kristiansund opplyser Johan Mannsåker ved Hovudredningssentralen på Sola. Dykkarar har undersøkt skroget for skadar utan å finne noko.

Sjarken fikkk hjelp til å komme seg til land i Kristiansund
Foto: Redningsselskapet