Hopp til innhold

Fiskebåt gjekk ned ved Smøla

Brannvesenet på Smøla må ta unna diesel- og oljesøl etter at ein fiskebåt gjekk ned natt til onsdag.

Bår sank i Smøla

Det var tidleg onsdag morgon at forbipasserande oppdaga at ein fiskebåt hadde gått ned ved Dyrnesvågen på Smøla.

– Båten låg til kai, og har tatt inn vatn sakte, men sikkert. Det var ingen om bord i båten då den gjekk ned, fortel operasjonsleiar ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

Havariet har ført til diesel- og oljesøl i sjøen, og ein brannbåt vart kalla inn for å rydde opp i lekkasjen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL