Hopp til innhold

– Fangsten bør vere på nokre hundre kilo for at det skal vere nok

Borgundfjordfisket 2014 er i gong, og vår reporter starta dagen tidleg med store mengder fisk i strålande sol.

Leif Tore Dybvik

Leif Tore Dybvik har vore fiskar sidan han var seksten år. No er det berre få år igjen til han er pensjonist.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

– Vi kunne ikkje fått finare vêr enn dette. Sola skin, måsane skrik og vi har allereie fått fleire hundre kilo fisk, seier Ivar Lid Riise.

Etter at fisken er dratt opp er det rett til Skansekaia i Ålesund for å selje fangsten. Reporteren er imponert over fangsten, medan den rutinerte fiskaren Leif Tore Dybvik meiner at det er slik det burde vere.

– Det burde vere så pass. Og vi har eit ekstremt flott vêr i dag. Det er absolutt ikkje vanleg, seier fiskaren.

Interessa for fiske har minka

Han seier at fangsten bør vere på nokre hundre kilo for at det skal vere nok til kundane.

Eg vil ikkje anbefale dette yrket til nokon. Ein må i alle fall ha ei interesse for det.

Leif Tore Dybvik

Dybvik har vore fiskar sidan han var 16 år, og starta med sjark i Borgundfjorden i 1987. Det er få år igjen til han er pensjonist, og fortel at det er stort sett berre godt vaksne folk som driv fiske i fjorden no.

– Det er få ungdommar som er fiskarar i Borgundfjorden, men eg vil ikkje anbefale dette yrket til nokon. Ein må i alle fall ha ei interesse for det. Mi interesse for fiske er ikkje like stor som tidlegare. Den har nok minka med alderen, seier Dybvik.

Leif Tore Dybvik

Allereie før klokka åtte hadde Leif Tore Dybvik dratt om bord nesten 300 kilo fisk.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL