Hopp til innhold

Fiskar kom seg ikkje opp att i båten og omkom

Statens havarikommisjon kjem med kritikk etter at ein fiskar omkom utanfor Ålesund. Dei etterlyser tilsyn med båtar som ikkje oppfyller tryggleikskrava.

Ein fiskar omkom i fiskebåten M/S Elise utanfor Ålesund 21. februar 2021.

Statens havarikommisjon konkluderer med at båten ikkje oppfylte dei tryggleiksmessige krava til fiskefartøy, og at dette var ei medverkande årsak til ulukka

Foto: Statens Havarikommisjon

Det var onsdag 21. februar 2021 at ein fiskar blei funnen omkomen vest for Ålesund.

Mannen hamna truleg i sjøen då han skulle dra inn krepseteiner, og det blei sett i gang redningsaksjon fleire timar seinare, då politiet tok imot ei bekymringsmelding.

Mannen hadde lita eller inga moglegheit til å berge seg om bord i fiskefartøyet att, sidan det ikkje fanst nokon leider frå fartøyet han kunne ha nytta. Det er konklusjonen til Statens havarikommisjon.

Dag Sverre Liseth

Dag Sverre Liseth er avdelingsdirektør i Statens havarikommisjon.

Foto: Pressebilde / Sht

Alvorleg

– Vi har sett og undersøkt fleire tilfelle der fiskefartøy under åtte meter har blitt utsett for ulykker, der dei ikkje har tilfredsstilt gjeldande krav. Etter vårt syn er det alvorleg, seier avdelingsdirektør, Dag Sverre Liseth, i Statens havarikommisjon.

Dei fryktar fleire slike ulukker fordi verken Sjøfartsdirektoratet og Fiskeridirektoratet fører ein effektiv kontroll med desse fartøya.

Også tidlegare har dette vore eit tema, då ein fiskebåt forliste i Gloppefjorden i 2018 og ein mann omkom. Den gong fastslo Havarikommisjonen at mange andre fiskefartøy som er mellom 6 og 8 meter ikkje oppfyller konstruksjonskrava.

Liseth seier at dei tekniske krava som finst er rimeleg gode, men problemet er den manglande kontrollen.

Dag Inge Aarhus, Sjøfartsdirektoratet

Dag Inge Aarhus er kommunikasjonsdirektør i Sjøfartsdirektoratet.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

Opp til fiskaren

Sjøfartsdirektoratet seier at etter dagens krav er ikkje fiskefartøy på 6–8 meter underlagt krav om sertifisering frå dei. Båtane har tryggingskrav som er opp til den enkelte fiskar eller reiar å sikre.

– Vi ser på om det er behov for endringar på dette, seier kommunikasjonsdirektør Dag Inge Aarhus. Sjøfartsdirektoratet vil no gå gjennom tilrådingane frå Havarikommisjonen. Dei er i dialog med Fiskeridirektoratet for å sjå korleis ein eventuelt kan kontrollere dei minste fartøya betre.

Fiskebåten som blei brukt i Ålesund blei bygt ved eit verft i Polen.

Havarikommisjonen meiner også at verftet som utferda byggjestadfestinga, ikkje hadde kontrollert fartøyet og den tilhøyrande dokumentasjonen godt nok.