Fiskesprell-prosjektet, i regi av Helse- og omsorgsdepartementet, Fiskeri- og kystdepartementet og Eksportutvalget for fisk, har til no hatt suksess i barnehagar og på ungdomskular.
Betre kosthald
Prosjektet er ei oppfølging av regjeringa sin "Handlingsplan for betre kosthold i befolkninga. Niandeklassingane på Kolvikbakken ungdomsskole i Ålesund lagar seibiff. Dette er ei av fleire spennande sjømatoppskrifter. Elev Caroline Pedersen seier ho er veldig glad i fisk.
•
- Det er sunt med fisk og det er bra for kroppen. Eg et fisk kanskje eit par gonger i veka. I dette prosjektet har vi lært kva fisken inneheld av protein og vitaminar. Så no tenkjer vi kanskje meir over kva fisken inneheld, meir enn at det berre er «fisk» liksom, seier Caroline Pedersen.
Utvidar prosjektet
Statssekretær Tone Toften i Helse- og Omsorgsdepartementet seier at prosjektet no skal utvidast. Bakgrunnen er at prosjektet har vorte svært godt motteke.
- Dette har vore ein suksess både i barnehagar og i ungdomsskulen der vi har køyrd prosjektet ei tid. Over 50 000 elevar har delteke til no i ungdomsskulen. Når så mange elevar har meldt seg på så fortel dette at prosjektet treff målgruppa og at vi no må utvide for å nå ei endå breiare ungdoms- og barnegruppe. Det er veldig bra. For vi får eit utvida fokus på godt kosthald og får fokus på at ungdom bør ete endå meir fisk, seier Tone Toften.
•
•