Fire veker varetektsfengsling

Mannen som er sikta for fleire innbrot i Kristiansund i det siste, blir varetektsfengsla i fire veker. Det skriv tk.no. Det gjeld 15 forhold, inkludert innbrot på rådhuset, i lokala til Indremisjonen og på Tinghuset, alt begått i løpet av 13 dagar. Det er faren for gjentaking som gjer at mannen kan bli halde fengsla fram til 17. juni.

Innbrudd på rådhuset i Kristiansund
Foto: Tipser