NRK Meny

Fire veker i varetekt

Bilføraren i 20-åra frå Rauma som måndag køyrde frå politiet fleire gonger før han blei stansa ved hjelp av spikarmatte, er vareteksfengsla i fire veker. Det har Romsdal tingrett bestemt i dag. I følgje Åndalsnes Avis, har mannen vedgått at han køyrde i narkorus. I følgje avisa meiner politiet det er fare for gjentaking. Mannen er dømt fleire gongar tidlegare,mellom anna for brot på vegtrafikklova.