Fire til NM for ungdomsbedrifter

Fylkesmeisterskapen for ungdomsbedrifter av avlyst på grunn av spreiinga av koronaviruset. 200 elevar frå Møre og Romsdal skulle delta i meisterskapen, som skulle gå av stabelen i Molde tidlegare denne veka. I 6 av 16 konkurransar var det kåra vinnar på førehand. Dei to konkurransane «Årets ungdomsbedrift» og «Berekraftprisen» er no bedømt digitalt. Kåringa har ført til at fire bedrifter frå Møre og Romsdal får delta i NM for ungdomsbedrifter. Det er Marimo UB frå Romsdal vidaregåande skule, iPakk frå Romsdal vidaregåande skule, Eldretjenesten UB frå Atlanten (bildet) og Økologisk gardsmat frå Stranda.

Eldretjenesten UB ungdomsbedrift Atlanten
Foto: Atlanten videregående skole