Vinn eller forsvinn - den beinharde kampen om sperregrensa

Kva parti som kjem over eller under fire prosent ved haustens stortingsval kan bli avgjerande for dei neste fire åra i norsk politikk. For mange av politikarane kan det bli vinn eller forsvinn.

Harry Valderhaug (KrF), Tore Storehaug (KrF) og Kriss Iversen Rokkan (MDG) kjemper for å komme over sperregrensa.

Harry Valderhaug (KrF), Tore Storehaug (KrF) og Kriss Iversen Rokkan (MDG) kjempar for å kome over sperregrensa.

Foto: NRK

For fire år sidan vakna den unge KrF-politikaren Tore Storehaug opp til sitt livs sjokkmelding. Han hadde vore gjennom ein lang valkamp og partiet hans hadde gjort eit dårleg val. Men morgonen etter valet fekk han vite at han var kome inn på Stortinget frå Sogn og Fjordane.

Reaksjonen var sterk. Tore Storehaug måtte på toalettet for å spy.

Tore Storehaug

Tore Storehaug (KrF) er avhengig av å vinne utjamningsmandatet i Sogn og Fjordane. Men då må KrF klare fire prosent nasjonalt.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

– Eg hadde nettopp overtalt kona mi til å flytte frå Oslo til Sunnfjord der eg kjem frå. Ho spurde meg mange gongar om kva sjansar eg hadde for å bli vald inn, og eg svarte: rundt ti prosent. Då eg fekk dei ekstra stemmene eg trengde for å kome inn på Stortinget så var det mykje som måtte møblerast om. Det gjaldt også mageinnhaldet.

Det usikre mandatet

Det var på hengande håret i 2017. Tore Storehaug kom inn på det som blir kalla for utjamningsmandatet. No skal 29-åringen til pers igjen. Det er like usikkert som sist. Igjen er det utjamningsmandatet som er Storehaug sin sjanse.

Han er heilt avhengig av at KrF klarer fire prosent nasjonalt dersom han skal få halde fram på Stortinget.

– Det har vore eit privilegium å få sitte på Stortinget. Eg kjem til å kjempe for kvar stemme for å få denne sjansen igjen. Men med så mange parti som ligg rundt sperregrensa på fire prosent så er det veldig usikkert.

Ein dramatisk kamp

Sperregrensa er ein av dei mest avgjerande skilnadane i norsk politikk. Eit parti må ha ei oppslutning på fire prosent i landet for å ha rett til det vi kallar utjamningsmandat. Klarer du ikkje det kan du ende opp med berre ein eller to politikarar på Stortinget. Lukkast du kan du få ei gruppe på heile sju eller åtte i Stortinget.

Venstre har levd eit langt liv ved sperregrensa. I 2017 låg partiet dårleg an. Men med hjelp frå Høgre-veljarar som stemte taktisk på Venstre for å berge regjeringa klarte Venstre å kome seg over fire prosent.

Fire år seinare ligg Venstre igjen dårleg an. I Sogn og Fjordane er det Alfred Bjørlo som toppar Venstre si liste. Han er kanskje den mest taleføre distriktspolitikaren i Venstre. Bjørlo har vore så markant at den tidlegare partileiaren Trine Schei Grande kalla han for "distriktspsykopaten". Mange håpar at han vil bli ein god stemmesankar for Venstre.

– Sogn og Fjordane er ein valkrins der det ofte er mobilisering og folk stemmer på politikarar dei vil ha inn på Stortinget. Eg håpar vi skal gjere eit sterkast mogleg Venstre-val der vi kan stå på eigne bein. Men sperregrensa gir ein ekstra spenning og motivasjon.

Alfred Bjørlo, stortingskandidat for Venstre

Små marginar

Fire parti kjempar for å klare sperregrensa på fire prosent: KrF, Venstre, Raudt og Miljøpartiet Dei Grøne. Dette kan bli ein jamn og dramatisk kamp om små marginar. Utfallet kan få stor betydning, seier valforskar Johannes Bergh.

Johannes Bergh, valgforsker

Valforskar Johannes Bergh trur kampen om sperregrensa kan få stor betydning.

Foto: Siri Vålberg Saugstad / NRK

– Det får veldig mykje å seie for framtida og påverknaden til dei enkelte partia. Det kan og få betydning for regjeringsspørsmålet. Kjem KrF og Venstre over sperregrensa så aukar sjansane for at dei borgarlege kan ta igjen det raud-grøne forspranget.

Strikken kan ryke

Harry Valderhaug (KrF), ordfører i Giske og stortingskandidat for KrF.

For Harry Valderhaug og KrF i Møre og Romsdal blir årets val eit skjebneval.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Valforskaren trur KrF er det partiet som vil få største problem med å kome tilbake dersom partiet ikkje klarer sperregrensa.

I Møre og Romsdal har KrF vore representert på Stortinget sidan 1945. No kan strikken ryke. Men toppkandidaten Harry Valderhaug lar seg ikkje vippe av pinnen.

– Det er ikke så ofte eg drøymer om natta, og når eg gjer det så drøymer eg ikkje om sperregrensa. I vaken tilstand er eg heller ikkje opptatt av dette

Harry Valderhaug, stortingskandidat for KrF

Høge ambisjonar

KrF har aldri vore under sperregrensa medan Miljøpartiet De Grønne aldri har vore over. Nå kan dette bli snudd heilt om. Nestleiaren i Miljøpartiet De Grønne og toppkandidat i Troms, Kriss Rokkan Iversen, trur partiet står foran eit gjennombrot. Ho meiner partiet aldri har hatt eit betre utgangspunkt enn framfor årets val.

– Vi har eit mål som ligg mykje høgare enn fire prosent. Dette er valet der vi verkeleg skal erobre Stortinget.