Hopp til innhold

Fire legar vert granska

Fylkesmannen har oppretta tilsynssak mot fleire legar på Sunnmøre. Bakgrunnen er klage frå ei kvinne om utskriving av legemidlar.

Cato Innerdal

Assisterande fylkeslege, Cato Innerdal, seier at saka er sendt til Statens helsetilsyn.

Foto: Markus Plementas / NRK

Fylkesmannen i Møre og Romsdal stiller spørsmål om pasienten vart handtert på forsvarleg måte og har sendt saka til Statens helsetilsyn. Det var i april Fylkesmannen mottok brev frå ei kvinne der ho stilte spørsmål kring utskriving av vandedannande legemidlar.

– Pasienten har fått skrive ut større mengder med ulike typar vandedannande legemidlar over ein lengre tidsperiode. Det er frå fleire ulike legar, seier Cato Innerdal. Han er assisterande fylkeslege.

Dei fire legane som vert granska kjem både frå primærhelsetenesta og frå Ålesund sjukehus. Ingen av dei har tidlegare mist retten til å skrive ut medisinar. Perioden det dreiar seg om er frå slutten av 2006 til årsskiftet 2012/2013.

Innerdal vil ikkje seie konkret kva medisinar det er snakk om, men det er sterke smertestillande og andre vanedannande legemidlar.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL