Fire hus må fråflyttast

Statnett vil betale erstatning for fire hus på Høydalsneset i Volda på grunn av isnedfall frå ei stor kraftlinje. I følge Sunnmørsposten har det falle ned isklumpar frå ei høgd på 270 meter. No får huseigarane tilbod om innløysing av bustadene, som ligg under kraftlinja som går mellom Ørskog og Sogndal. I følge kommunikasjonssjef i Statnett, Martha Hagerup er avtalen om erstatning enno ikkje er i hamn.

Martha Hagerup Nilson
Foto: Steinar Lote / NRK