Fire fylkesleiarar vil ut

Fire fylkesleiarar i Frp ber partileiar Siv Jensen ta partiet ut av regjeringa, det melder Aftenposten. Frå før har fylkesleiaren i Troms og Finnmark sagt klart og tydeleg frå, og no har også fylkesleiaren i Møre og Romsdal, Innlandet og Nordland hengt seg på. – Nok er nok, seier leiaren for Møre og Romsdal Frp, Frank Sve.