Fire framleis innlagt

To personar som vart sendt til sjukehuset i Volda etter ulykka i Austefjorden søndag, er utskrivne, opplyser politiet. Tre personar er framleis innlagt ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen, og ein person ligg på sjukehuset i Ålesund. Politiet opplyste søndag at skadeomfanget var alvorleg for dei fire. Dei har ikkje nye opplysningar om helsetilstanden i dag.