Fryktar at besøkande kan smitte fleire eldre

Fire eldre på eit omsorgssenter i Molde er døde etter influensa den siste månaden. Kommuneoverlegen fryktar at besøkande kan ta med seg smitte inn på nye institusjonar.

Plakat om spriting
Foto: Gunnar Sandvik

Kommuneoverlegen sende fredag ettermiddag ut ei pressemelding der han skriv at fire personar på eit omsorgssenter i Molde er døde etter influensa den siste månaden.

Den første døydde 7. desember, den siste så langt, 10. januar.

Til saman 13 eldre er råka av sjukdomen. I tillegg til dei fire døde har fem andre fått stadfesta influensavirus, og ytterlegare fire personar har influensaliknande sjukdom.

Cato Innerdal

Kommuneoverlege Cato Innerdal hos Molde kommune ser ikkje bort frå at fleire kan døy av influensa som følgje av utbrotet på Bergmo omsorgssenter.

Foto: Gunnar Sandvik

Situasjonen er alvorleg, influensa har resultert i fleire dødsfall, og vi forsøkjer no å redusere smittetrykket i institusjonen, seier kommuneoverlege Cato Innerdal.

– Er det nokon grunn til å tru at omsorgssenteret ikkje har gjort nok for å forhindre smitte?

– Nei, dei har vore på situasjonen tidleg, men det er alltid ein risiko for at den typen smitte spreier seg raskt i institusjonar, seier han.

Les også:

Budde på Bergmo omsorgssenter

Alle dei fire døde budde på Bergmo omsorgssenter i Molde, men kommuneoverlegen seier dei ikkje kan sjå bort frå smitte også på dei andre sentra.

Einingsleiar Hilde Oppigård ved Bergmo seier at dei som bur på omsorgssenteret er alvorleg sjuke i utgangspunktet, og at dei difor er ekstra utsette.

– Vi syns også at fire dødsfall er mykje, dette er ein topp, men det er ikkje uvanleg for oss at folk dør av influensa, seier ho.

Spesielt farleg for eldre på institusjon

Siri Helene Hauge

Avdelingsdirektør Siri Helene Hauge hos Folkehelseinstituttet seier alvorlege utbrot på insitusjonar ikkje er uvanleg.

Foto: Privat

Avdelingsdirektør Siri Hauge ved Folkehelseinstituttet stadfestar dette. Ho seier det såkalla H-3-viruset, som herjar i år, er spesielt farleg for eldre.

Det er desverre ikkje uventa i utbrotssituasjonar der det såkalla H-3-viruset dominerer, slik det gjer i år, veit vi at dette gir meir alvorleg sjukdom hos dei eldre, spesielt sjukeheimspasientar, seier ho.

Ho seier dei har registrert fleire utbrot på institusjonar andre stader i landet i vinter.

- Ikkje over endå

Kommuneoverlegen seier at utbrotet ikkje er over og at fleire dødsfall ikkje kan utelukkast.

– Ein har sett at blant dei som har blitt smitta ved dette omsorgssenteret har konsekvensen vore alvorleg for fleire, og ein kan ikkje sjå bort frå at fleire kan få alvorlege følgjer av infleunsasjukdom, seier han.

Les også:

Ber sjuke halde seg heime

Kommuneoverlegen seier at dei har informert dei pårørande med oppslag på Bergmo, og at dei ber alle som er sjuke om å halde seg borte frå institusjonane. Han viser til at mange i befolkninga no er sjuke, og fryktar at besøkande kan ta med smitte inn på nye institusjonar.

– No driv vi intensivert smittevern og i det ligg også at vi informerer besøkande om at dei ikkje må oppsøkje eller kome inn i våre institusjonar dersom dei har influensa, seier han.

NRK Møre og Romsdal kjem tilbake med meir.