Hopp til innhold

Finn ikkje brannårsaka

Etterforskinga gir ikkje grunn til å mistenkje nokon for å stå bak brannen.

Dødsbrann Herøy
Foto: Andreas Sundby / NRK

Ein har heller ikkje funne bevis som tyder på at brannen oppstod på grunn av tekniske feil.

Dette melder politiet i ei pressemelding i ettermiddag.

Søndag 4. desmber i fjor omkom fire personar i ein brann i eit bustadhus på Flusund i Herøy kommune.

Les og: Brann på Flusund

Politiet skriv i pressemeldinga at brannen starta i andre etasje ved eller i trappa til første etasje, men noko sikker årsak til brannen har ein ikkje funne.

Pålitiet har fått hjelp av Kripos i etterforskinga.