Høgsterett har avvist kravet frå organisasjonen Norgespatriotene om å få saka mot to filmskaparar frå Romsdal opp i Oslo Tingrett.
Oslo tingrett avviste saka fordi den meinte at Romsdal tingrett var rette domstol for saka.
Norgespatriotene vil ta saka til Romsdal Tingrett, men er skuffa over at saka ikkje kom opp i Oslo.
Kravet avvist
- Vi er ikkje nøgde, men meiner det var verdt å prøve lovtolkinga, seier advokaten til Norgespatriotene, Raymond Giltun.
- Høgsterett er av ei anna oppfatning, og det tek vi til etterretning, seier han.
Høgsterett avviste kravet om å få saka mot SOS rasisme og to filmskaperar opp for Oslo tingrett.
Anders Eikeland og Tommy Myrbostad frå Molde laga filmen "Vigrid: det siste oppgjør". Den er laga med støtte frå SOS Rasisme.
Skuffa advokat
Noregspatriotane meiner at filmen inneheld ærekrenkjande påstandar og har gått til sivilt søksmål mot dei to filmskaparane og SOS rasisme.
Men Oslo tingrett avviste i juni saka fordi Romsdal tingrett er rette domstol, det er også Høgsterett samd i. Advokat Giltun er skuffa over avgjerda.
- Noko av grunnen til at vi ønska denne saka ført for Oslo Tingrett er at filmen har flest sjåarar her, og saka blir dekkja på riksplan, seier Giltun.
Vil ha filmen fjerna
Dermed er medieomtale noko av grunnen til at dei ville ha saka opp i Oslo.
No førebur advokaten og Norgespatriotene å ta saka til Romsdal Tingrett. Dei held på kravet om økonomisk oppresinig til både Noregspatriotene som organisasjon og til formann i organisasjonen, Øyvind Heian.
I tillegg krev dei at filmen blir fjerna frå nettstaden Youtube.
- Vi vil sjølvsagt prøve saka i si fulle breidde for Romsdal Tingrett, forsikrar Giltun.
Usikker plassering
Det har lenge vore usikkert kvar denne saka vil ende, og filmskaparane gjev ikkje opp. Her kan du lese meir om saka.
11. juni 2008:
11. Juni 2008:
3. Juni 2008:
27. Mai 2008: