Hopp til innhold

Filmopptaket som framleis rystar verda

Ein filmsnutt på 26 sekund frå då Kennedy vart drepen har fått ikonisk status. Medieforskar Øyvind Vågnes frå Brattvåg har sett svært nøye på det vesle opptaket.

John F Kennedy
Foto: AFP

22. november er det 50 år sidan John F. Kennedy vart skoten og drepen då bilkortesjen hans køyrde gjennom sentrum i Dallas i Texas. Ein kort filmsnutt frå drapet har sidan fått enorm betyding som historisk dokument og som bevismateriale for konspirasjonsteoretikarar.

Mannen som filma heitte Abraham Zapruder og var ein kjoleseljar som likte å drive med amatørfilmopptak.

– Han fann det perfekte punktet, kan du seie. Han stilte seg opp langs ein betongmur og fekk støtte av sin sekretær fordi han hadde litt høgdeskrekk, fortel sunnmøringen Øyvind Vågnes. Han er forskar ved Nomadikon, eit senter for visuell kultur i Bergen. Han skreiv doktorgraden sin om Zapruder-filmen og gav ut bok om filmen i USA.

Sjå filmen her:

Ein dramatisk bildesekvens

I eit intervju i Norgesglasset på P1 fortel Vågnes om den såkalla Zapruder-filmen:

– Han filma og panorerte då kortesjen kom inn frå venstre og glei ut til høgre. Akkurat då, det knappe halve minuttet han filma, så skjer altså dette, fortel Vågnes.

Zapruder fanga alle skota med filmen sin. Med det første skotet tek Kennedy seg til kragen, men så kjem skotet mot hovudet. I bildet kan ein sjå at hovudet til presidenten eksploderer før Jackie Kennedy klatrar over karosseriet.

– Det er ein veldig urovekkande og dramatisk bildesekvens. Det som umiddelbart skjedde var at Zapruder gret og var heilt ute av seg. Raskt så skjønte han at det han sat på var av stor betyding på så mange måtar, seier Vågnes.

Ikkje vist på TV før 1975

Øyvind Vågnes

Medieforskar og forfattar Øyvind Vågnes gir i desse dagar ut essayet Kennedy-bildet.

Foto: Universitetet i Bergen

At det fantest eit bildeopptak av hendinga som skaka ei heil verd og framleis opptek svært mange, gav Zapruder-filmen ikonisk status. Filmen vart selt, berre eit døgn etterpå. Vestkystens Life Magazine hadde ein redaktør som dukka opp ein time før alle andre mediebedriftene og sikra seg opptaket. Det var kløktig gjort.

– Det førte til at filmen ikkje vart vist på TV, noko som er vanskeleg å førestille seg i dag. Internettet eksisterte sjølvsagt ikkje. Filmen vart ikkje kringkasta før i 1975, seier medieforskaren.

– Filmen eksisterte berre i LIFE-bladet; først for å støtte rapporten som sa at det var Harvey Lee Oswald som skaut, og seinare stilte dei spørsmål ved at den konklusjonen vart gjort, legg han til.

Konspirasjonsteoriar

Mange både i USA og resten av verda tykte det var vanskeleg å tru at Harvey Lee Oswald kunne vere einaste gjerningsmann.

Bilda i Zapruder-filmen ser ut til å vise at presidenten blir skoten forfrå ikkje bakfrå., så det har blitt brukt som argumentasjon til at ikkje berre Oswald stod bak, forklarar Vågnes.

Konspirasjonsteoriane har vore mange. Alt frå Fidel Castro til mafiaen til CIA har blitt lagt fram som potensielle bakmenn. Også dei villaste teoriane har funne støtte i Zapruder-filmen.

– Ein ser til dømes ein mann som står med oppslått paraply. Heile området er jo bada i sol, så mange begynte å lure på korfor den mannen står der. Då var det mange fantasifulle forklaringar som at han skulle hatt eit skytevåpen i paraplyen, fortel Vågnes.

I 2011 laga Erroll Morris ein kort dokumentar kalla "The Umbrella Man" om mannen.

Webkamera på Dealey Plaza

Vågnes er også fascinert av Dealey Plaza i Dallas og korleis denne åstaden for drapet vert brukt i dag. Han synest det er litt urovekkande.

– Det har blitt ein slags turistmagnet. Det er eit webkamera som døgnet rundt viser bilde frå der Oswald skaut døgnet. Det er gåvebutikk med t-skjorter og ein app som du kan gå rundt plassen med. For oss i ein norsk kontekst så er det litt underleg, seier Vågnes.

Har du følgt med på det webkameraet sjølv eller?

– Nokre gonger. Det er jo eit underleg mediefenomen å følgje med på. Somme gonger ser eg ikkje noko, og andre gonger så ser eg nokon som står der og peikar mot dit kor kulene kom frå. Det er jo slik med eit kamera, det filmar både det som har betyding det som er utan betyding, avsluttar han.