NRK Meny
Normal

Vil du at nokon skal filme gravferda di?

Meir musikk, fleire minneord og kanskje eit filmopptak. Den tradisjonelle gravferda ikkje så tradisjonell som før.

Filmopptak frå gravferd i Ålesund kyrkje 8. november 2013.

7. november 2013 vart det gjort opptak frå ei gravferd i Ålesund kyrkje med framføring av låta 'You raise me up'. Med løyve frå pårørande og Byes Begravelsebyrå. Foto/redigering: Johannes Lovund

Eivind Flem

Eivind Flem i Byes Begravelsebyrå er glad for at han filma gravferda til sonen sin.

Foto: Byes Begravelsebyrå

Tidlegare i år overtok Eivind Flem drifta av Byes Begravelsebyrå i Ålesund. Saman med eigar Iris Nordstrand har han jobba for å modernisere det tradisjonsrike byrået. No tilbyr dei blant anna filming av gravferdsseremonien for dei som ønskjer det. Det har Flem ein personleg grunn for å gjere.

Filma gravferda til sonen

– Eg mista sonen min på tre år i 2008, og valde då å filme gravferda hans. Det er eg glad for at eg gjorde, seier han.

Flem trur at tilbodet ikkje er for alle, men at andre igjen kanskje vil angre seg seinare om dei ikkje har minner frå den siste stunda med avdøde.

– Eg har berre sett på opptaket ein gong i ettertid. Eg er også den einaste i familien som har gjort det, men det gjorde godt for meg, fortel han.

Torsdag var han på jobb for ei gravferd i Ålesund kyrkje som vart filma på oppdrag gjennom byrået hans.

– Gravferda hadde fleire musikalske innslag, noko som skapte ein fin atmosfære for eit filmopptak, seier han.

– Meir personleg enn før

Marit Vingen i Begravelsesbyrået Sunnmøre ser ein klar trend i at gravferdene har blitt meir personlege gjennom åra.

– Det er mykje meir song og musikk i ei gravferd enn før. Det er fleire innslag og meir personleg deltaking ved å til dømes lese opp minneord, seier ho.

– Det verkar som det er noko tida at ein vil skape ei personleg ramme rundt den avdøde, legg ho til.

Byrået hennar tilbyr ikkje filming av gravferd og har heller ikkje fått konkrete førespurnader om det. Vingen er usikker på kva ho vil svare dersom ho skulle få spørsmål om eit eventuelt oppdrag.

– Eg veit ikkje heilt kva eg tenkjer om det. Samstundes kan det vere behov dersom det er spesielle forhold som spelar inn, til dømes om nokon ikkje har høve til å vere til stades i gravferda, trur ho.

Ho fryktar at filming og andre utradisjonelle element kan verke forstyrrande under gravferda og gjere ho til meir av eit "show".

– Det er i tilfelle noko ein bør tenkje grundig igjennom før ein opnar for det, rår ho.

Populært i Sør-Trøndelag

Vigdal Begravelsesbyrå i Melhus har derimot tilbydd filming av gravferd i mange år og seier det er eit populært tilbod.

– Vi får mellom 10 og 20 førespurnader i året. Det dreier seg ofte om barnebarn som er bortreist, og derfor ikkje har høve til å få med seg seremonien. Då er det gjerne eit behov for å ha eit minne til seinare, seier Ola Vigdal.

Somme gonger lagrar dei opptaka på vegner av dei pårørande i opptil 15 år. Slike førespurnadar får dei gjerne dersom nokon i nær familie med den avdøde er for små til å hugse noko frå gravferda.

– Andre igjen ønskjer å ha eit minne frå gravferda uansett, legg han til.

Vigdal hevdar kyrkjene innanfor området hans synest det er greitt med filming.

– Eg har aldri høyrt at prestane er imot det, seier han.

Moderne teknologi

Harald Kjell Sunde har vore sokneprest i 40 år og jobbar no i Molde domkyrkje. Han har observert filming i kyrkja med jamne mellomrom dei siste åra. Han seier det er viktig med tydelege retningslinjer om ein først skal filme i ei gravferd.

– Bruk av blitz er vi til dømes skeptiske til, seier han.

Han seier at moderne teknologi gjer det meir akseptabelt enn før når det gjeld å fotografere og filme i kyrkja.

– Før måtte ein ha store lyskastarar og sterke blitzar for å få gode bilde. Det slepp ein i dag, seier han.

– Så sant det ikkje forstyrrar det som elles går føre seg under gravferda, så tenkjer eg at det kan vere fint å ha eit minne ifrå ho, avsluttar han.

Artikkelen held fram under bildet.

Harald Sunde

Sokneprest Harald Kjell Sunde har ikkje mot filming i ei gravferd, så lenge det vert gjort med stil.

Kollega Knut Bjune i Spjelkavik kyrkje er meir tilbakehalden når det gjeld filming under seremonien, men trur det handlar mykje om korleis filminga vert utført. Han understrekar at dei som stod den avdøde nært ikkje bør vere for involvert i det tekniske.

– Om ein bikkar over i å bli meir oppteken av det ytre og presentasjonen enn å vere til stades i det som skjer, så seier magekjensla mi at det vert feil, seier han.

Ikkje fritt fram i kyrkja

Bjune har også merka seg at stadig fleire ønskjer eit meir personleg preg over gravferda dei arrangerer.

– Det er eigentleg positivt at familien er engasjert og vil delta. Det ser vi veldig ofte, seier han. – Då prøver vi å strekkje oss så langt vi kan.

Bjune forklarar at kyrkja er underlagt ein del reglar som presten forvaltar etter skjønn, og at dette også gjeld gravferder sidan dei formelt sett er ei offisiell gudsteneste.

– Det er dessverre ikkje fritt fram. Det kan vere krevjande når familien har spesielle krav som kan vere vanskelege å foreine med kyrkja – som til dømes å spele av ei støyande rockelåt som avdøde hadde eit godt forhold til, seier soknepresten.

– Derfor er det viktig med god dialog, anten det gjeld filming av seremonien eller andre ting, legg han til.