Hopp til innhold

Filma farleg forbikøyring

Politiet har fått melding om ei farleg forbikøyring på E39, Barstadvik i Ørsta. Dette skal ha blitt filma av eit vitne, og bilføraren er meldt for køyringa. Føraren er dessutan fråtatt førarkortet. – Eg er takksam for ansvarlege bilførarar som melder frå når dei ser farleg framferd i trafikken, seier lensmann Guttorm Hagen.

Guttorm Hagen
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL