Feststøy i Molde

Rundt midnatt blei det meldt om feststøy frå to ulike stader i Molde. Festdeltakarane blei pålagde å dempe seg og eventuelt trekke innandørs. På om lag same tid var det også uro utanfor ein utestad i sentrum, og gjesten som var uønskt på staden, blei vist bort frå sentrum.