Hopp til innhold

Festspela tok knekken på husmannsånda

25 år etter det første Nynorske festspelet blei arrangert, slår nynorskfolket fast at festspela har kurert den innbarka husmannsånda som tidlegare prega nynorskbrukarane.

Skulptur av Ivar Aasen i Ørsta

Skulpturen av Ivar Aasen står midt i Ørsta sentrum, og i dag blei han heidra med vakker blomebukett frå Aasen-tunet.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

I dag starta Dei nynorske festspela i heimtraktene til salige Ivar Aasen. Og medan sola i bakkane blenkjer, blir det ein gong for alle slått fast at husmannsånda overfor nynorsken er jaga på dør.

Det var professor og språkforskar Arne Apelseth som for vel 25 år sidan tok til orde for å arrangere ein nynorsfestival i Ørsta og Volda.

– Han meinte det var på tide å lufte ut husmannsånda som prega både kultur og språk på Sunnmøre. Med årets festspel tør eg å slå fast at husmannsånda er borte, smiler Gaute Øvereng, dagleg leiar i Aasen-tunet i Ørsta.

Endeleg i gang

Den årlege stormønstringa av nynorsk kultur, litteratur, historie og musikk kjem nok til å lokke til seg nrundt 6000 menneske gjennom den tre dagar lange mønstringa, meiner arrangørane.

Ivar Aasen-tale i Ørsta med folkemengde

Gaute Øvereng snakka om Ivar Aasen og kor mykje han brydde seg om dei svake i samfunnet i føremiddag.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Budsjettet er på to millionar kroner.

Nær 70 frivillige og tilsette har siste veka arbeidd for fullt med å få årets festspel til å bli av det aller beste slaget.

– Det er godt å kome i gang etter lang tids førebuing, og første dagen av festspela er alltid ein stor dag,.seier Gaute Øvereng. Han har vore tilsette i Aasen-tunet i 12 år, og har følgt utviklinga av det nasjonale senteret for nynorsken på nært hald.

Auka kunnskap, auka sjølvkjensle

Det karakteristiske Asasen-tunet signert arkitekt Sverre Fehn, ligg fritt og høgt oppe i lia i Hovdebygda. Her ifrå er det vidt utsyn over fjell og nut, fjord og flyplassen like ned i dalsøkket under.

Her blei Ivar Aasen, blei fødd i 1813, og det særprega moderne tunet, inneheld mellom anna store boksamlingar, utstillingar, arkiv, aula, ei intim utescene med amfi, kafé og butikk.

Ivar Aasen-bautaen i Hovdebygda, Aasentunet

Den høgreiste bautaen over Ivar Aasen står midt i det gamle tunet i Hovdebygda.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

– Aasen-tunet og festspela er uløyseleg knytte til kvarandre. Ut frå tanken om at det tidlegare var gjort for lite rundt Ivar Aasen og det nynorske i bygdene, kan vi trygt seie at kunnskapen om aasen har auka sterkt både hos lokalbefolkninga og hos svært mange andre, meiner Øvreng.

Tabu i år

Kvart år har dei nynorske festspela eitt overordna tema, og i jubileumsåret er temaet tabu.
– Det å utfordre tabugrenser, sette ord på det useielege og avdekke det som kanskje samfunnet prøver å dekke til, har vore kallet til diktarar, kunstnarar og journalistar i alle tider. Så det passar svært godt som tema for festspela, seier Monika Haanes Waagan, programansvarleg for festspela.

Portrett kvinne

Monika Haanes Waagan er programansvarleg for festspela, og synest det er stor stas at så mange artistar, forfattarar og andre utøvarar seier ja til å stille opp på festspela.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Ho har lagt opp programmet for i år saman med nære medarbeidarar, og har kome fram til eit svært så omfattande program.

Mange lokale utøvarar blir med som Maria Parr, Aina Basso, Marit Kaldhol, Ingrid Røyset og alv Kjetil Walgermo. Opningskonserten i kveld er med Stein Torleif Bjella, medan dei lokale musikarane Daniel Herskedal med sin tuba, og Kenneth Ekornes på trommer, set punktum for festspela søndag. Før det blir det både språkmoro med Linda Eide og Sjur Hjeltnes, fleire prisar skal delast ut også.

Aasen-tunet i ørsta

Aasten-tunet er klart til årets festspel.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Alle seier ja

Monika Haanes Waagan seier det er enkelt å få aktørar til å stille på festspela.

– Folk kjenner til festspela og er veldig positive til å vere med. Dei seier ja til oss så sant dei kan, og det er jo veldig hyggeleg for oss også, seier ho.

Ho er elles alt i gang med å snikre i hop grinda til det som skal bli festspela neste år!

to kvinner i butikken i Ivar Aasen-tunet i Ørsta

Tunvert Ingrid Opedal og tunassistent Astrid Aakre Eikrem held styr på butikken i Aasen-tunet. Butikken er ei viktig inntektskjelde for Aasen-tunet.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Øvereng ser enno lenger framover, og seier at dei kjem til å legge enno større vekt på å styrke sjølvkjensla til nynorskbrukarane og gjere nynorske sterkare.

– Målet er at nynorsk skal vere sjølvsagt når som helst og kvar som helst, seier Gaute Øvereng.