Hopp til innhold

Festival med hesjar, hawaiiskjorter og litt attåt

Heimegrenda kan lett bli for døsig og kjedeleg for ungdom som vender heim på sommarferie frå storbyen. Ein gjeng ungdomar fann på noko lurt.

Brøvoll4

Ein festivalplass omringa av hesjar, ei grindløe til billettkontor og mjølkespann til pynt, er ikkje gjengs i festival-Noreg.

Foto: Per Magne Drotninghaug

Med bankande hjarte for heimegrenda har utflytta unge frå Sykkylven skapt ein original møteplass for sommarmoro. Ein festivalplass omringa av hesjar, ei grindløe til billettkontor og mjølkespann til pynt, er ikkje gjengs i festival-Noreg.

Ei heller at dette blir kombinert med vertskap i lusekufte, hawaiiskjortar og hawaiikransar.

Bente Hole er aktivitør for borna på Brøvollsfestivalen

Bente Hole er ei av dei utflytta ungdommane som kjem heim for å arrangere festival.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

– Vi må no skape moro og mikse det urbane med det lokale. Alle treng vi vel litt ekstra farge rundt oss også sommartida, smiler Bente Hole, ei av dei utflytta ungdomane som er sterkt engasjert i festivalen.

– Vi sat nede i oslobygda og lengta til heimbygda, men visste at det gjerne er svært lite som skjer for både unge og gamle sommartida. Vi kjeda oss rett og slett litt for mykje når vi endeleg kom heim att, seier festivalgeneral Fredrik Nilsen.

Samlar tusenvis

Brøvoll5

2300 var innom festivalen i helga.

Foto: Per Magne Drotninghaug

Han er ein av ni unge som for lengst er flytta frå Velledalen med sine knappe 600 innbyggarar, til storbyen for å studere og arbeide.

Gjengen fann ut at dei måtte gjere noko sjølve med den rolege ferietida. Det starta for åtte år sidan med ein minifestival siste helga i juni. Ein privat hage på Brudevoll, eller Brøvoll, som det heiter på velledalsdialekt, var kulisse for moro med musikk, dans, forteljing av gode historier i stand-up-stil og god mat og drikke.

Brøvoll3

Mange kom for å få med seg underhaldninga.

Foto: Per Magne Drotninghaug

– Det var så artig at vi fann ut at dette måtte vi gjere noko meir ut av. Dermed sette vi i gang med eit langt større opplegg som no har samle tusenvis dei siste åra, fortel Nilsen.

Frå mini- til maxifestival

Kort fortalt har Brøvollsfestivalen utvikla seg til eit sommararrangement som samlar folk i alle aldrar til fest og moro.

Brøvoll1

Laurdag er borna og familiane sin store aktivitetsdag.

Foto: Per Magne Drotninghaug

– Kvart år har vi fått med nokre av dei store humor-kanonane i landet til kveldsunderhalding fredagane og laurdagane. Her har mellom andre Sigrid Bonde Tusvik, Åsleik Engmark, Bye og Rønning, Kjell «Kjell`n» Bigset, og mange andre vore med. Åsleik Engmark likte seg så godt at han er tilbake i år også, fortel Nilsen.

Laurdag er borna og familiane sin store aktivitetsdag. I fjor var rundt 2000 innom på aktivitetane. I år byr dei på møte med høner, lam og hamstrar, riding og styltegåing

– Alt utan iPad eller dataspel. Det skal ver litt nostalgi, og vise borna at det går an å ha det moro på gamlemåten også, seier Hole.

Dugnad og glede

Brøvollsfestivalen

Gjengen som tar festivalen vidare og som vil gi sommarmoro tilheimbygda.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Nesten 2300 personar var innom festivalen denne helga – omtrent ei firedobling av innbyggartalet i Velledalen. Arrangørane fortel at dei er fornøgde.

– Det har vore ei topp helg med nydeleg vêr, seier Nilsen som syns det er kjekt å vere med å arrangere denne årlege festivalen – også med tanke på at mange av dei utflytta tenkjer å kome heim ein gong.

– Då er det viktig å ta vare på dugnadsanda, sommarglede og godt miljø, seier han.