NRK Meny
Normal

Festival med fokus på mosjon

Mosjonsfestivalen på Moltustranda i Herøy har eit litt anna fokus enn mange andre festivalar. Her er det trim og aktivitet som er viktig.

Mosjonsfestivalen på Moltustranda i Herøy vert arrangert i mai.

Desse ungane er klare for å delta på Mosjonsfestivalen. Foto/redigering: ARNE FLATIN.

Mosjonsfestivalen er fersk, men ser ut til å engasjere heile bygda. 100 frivillege vert i sving når festivalen skal arrangerast helga 23-25.mai.

Maron Sandvik

Maron Sandvik er primus motor for Mosjonsfestivalen

Foto: Arne Flatin / NRK

Det skal vere motbakkeløp, Tour de Moltu på sykkel (45 kilometer) og fjellgåing. Fjella som omkransar Moltu er mykje brukt av folk i bygda og folk frå nabobygdene.

- Dette inspirerer oss til å lage ein slik festival seier primus motor, Maron Sandvik.

Hidsegga og Hanen er to av fjella som innbyr til mosjon. For ei bygd som Moltu er det viktig å bruke fjella her.

Stor entusiasme

NRK tok pulsen på mosjonsbygda eit par veker før festivalen og fekk med store og små på generalprøve på motbakkeløp og sykkelløp.

(Artikkelen held fram under bildet)

Sykling er populært under Mosjonsfestivalen

Sykling er populært under festivalen.

Foto: Arne Flatin / NRK

Entusiasmen og viljen til å delta var stor. Moltustranda idrettslag engasjerer mange barn og ungdomar i bygda der skule, butikk og idrettsbane er sentrale møtestader for folket.

Moltumila

Festivalen startar 23.mai med Moltumila og det er eit løp som skjer nede i bygda. Dagen etter vert det motbakkeløp opp til fjellet Hidsegga.

Også i det daglege er det mange som nyttar seg av dei fem fjelltoppane som ligg ved Moltustranda og det er gode råser som er godt merkte.

Også sykkelløpet som skal arrangerast er populært og hadde med ein god del deltakarar i fjor.

Både store og små er med på Mosjonsfestivalen.

Både store og små, som denne karen her, er med på festivalen.

Foto: Arne Flatin / NRK

Maron Sandvik seier at alt for mange barn og unge brukar for mykje tid i ro og mak, og at dei vil inspirere og motivere til aktivitet.

- Eg ser det at heile bygda engasjerer seg og er med, også ungdomane, seier Sandvik som enno har litt tid på seg til å planlegge dei siste detaljane som må på plass før Mosjonsfestivalen opnar, om 14 dagar.