Normal

Festen som ikkje tok slutt

Ikkje berre ein, men to gongar, måtte politiet i Molde roe ned eller avslutte ein og same fest natt til laurdag.

Molde politistasjon

Medan det var relativt roleg elles i fylket, hadde politiet i Molde mykje å gjere natt til laurdag.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Det var allereie langt på natt då politiet rykte ut første gong politiet rykte ut til festen. Då var naboar plaga av feststøyen. På politiets oppmoding lovte deltakarane både å dempe musikken og å roe ned.

Men eit par timar seinare var dette tydelegvis gløymt, for då måtte politiet rykke ut til same stad igjen. Då hadde festen blussa opp igjen. Denne gongen blei det sett endeleg stoppar for samværet, mellom anna ved at ein mann i slutten av 20-åra blei sett i arresten.

Slossing og krangling

Politiet i Molde og omegn hadde fleire situasjonar å handtere natt til laurdag. Ikkje minst måtte dei vere til stades då ein passasjer nekta å gjere opp for seg etter ein drosjetur i Elnesvågen. Sjåføren skal ha blitt trua i samband med dette.

Klokka 03.30 og 03.40 var dei ute på to oppdrag som var nokså like. Den første turen gjekk til eit hotell, der to gjestar, ein mann og ei kvinne, hadde byrja å sloss på eit rom. Mannen blei brakt til arresten.

Den andre turen gjekk til ein privat bustad, men også her var det krangel mellom ein mann og ei kvinne. Dei var i 30-åra, og eit uhell førte til kuttskadar då ei rute blei knust.

Avslørt av stolne skilt

Like før midnatt blei det oppdaga at ein bil på Sunndalsøra hadde påsett stolne kjennemerke. Det gjorde at politiet ransaka huset like ved. Det medførte eit beslag av narkotika og to pågripne menn.

Frå Nordmøre blir det elles berre meldt om ein plagsom gjest på ein utestad. Mannen i 40-åra blei fjerna derifå, og fekk i tillegg pålegg om å halde seg vekke fra sentrum resten av natta.

Politiet på Sunnmøre melder at dei har hatt ei roleg natt, men i morgontimane blei ein person i Ørsta køyrt til legevakta. Då hadde vedkomande fått kutt i hovudet etter ein slåsskamp.