Politiet i Møre og Romsdal melde at rundt 300 ungdommar var samla ved badeplassen Kringstadbukta i Molde.
Ungdommane hadde musikkanlegget på fullt og sto i tette grupper. Mange av personane på staden var tydeleg alkoholpåverka.
Då NRK kom til staden klokka 23:00 var politiet i gang med å vise bort nokre av ungdommane.
Patruljebilen køyrde frå staden nokre minutt seinare. Då var det framleis mykje folk samla ved den populære badeplassen.
Mellom nokre av ungdommane var det knuffing og amper stemning.
Enkelte av ungdommane song, dansa og ropte utspel som: – Vi er dritlei korona!
Operasjonssentralen i Møre og Romsdal sa til NRK klokka 23:50 at dei var tilbake på staden med to patruljebilar.
Politiet opplyste då at det var rundt 40 ungdommar på staden som sto i ulike grupper. Det skal ha vore oppbrotsstemning, og det hadde vore mange privatbilar i området for å hente festdeltakarar.
Mange av ungdomane gjekk frå staden, mot Molde sentrum, i mindre grupper.