Hopp til innhold

Fest delvis ute av kontroll

I går kveld fekk politiet i Kristiansund melding om festtøy og bråk ifrå ei leilegheit i sentrum. Då politiet kom til staden var det 20–30 ungdomar inne og festen var delvis ute av kontroll. – Det var mange mindreårige der og mange av dei var fulle, opplyser politiet. Det blei også funne narkotika i leilegheita og politiet har grunn til å tru at det blei brukt narkotika på festen.

Politiet opplyser at patruljen opplevde manglande respekt og dårleg oppførsel frå mange av ungdomane. Då politiet var ferdige i leilegheita skal politibilane ha blitt spytta ned. – Vi oppmodar foreldre til mindreårige om å følge med på kven ungdomane held lag med og kvar dei oppheld seg på sein kveld og nattetid, skriv politiet.