Hopp til innhold

Ferske bjørnespor

Marvin Svendsli i Surnadal fann ferske bjørnespor, men med sola forsvann spora.

Ferske bjørnespor
Foto: Marvin Svendsli

Nysnø i mai, men nettopp det gjorde at Marvin Svendsli kunne følge ferske bamsespor i dag tidleg.

- Vi var ute og gjekk tur på ein skogsveg som går oppe i lida her då eg såg spora, seier Svendsli.

Sjølv om dette berre er nokre hundre meter frå der folk bur vart ikkje Svendsli uroa.

- Nei, eg er ikkje redd for bjørnen. Truleg er dette berre ei sporadisk passering av ein bjørn som har gått til andre sida av dalen, seier Svendsli.

Men når sola kom forsvann både snøen og spora. Det er heller ikkje første gong det er observert bjørn i området.

Lurt å halde avstand til bjørnen