Ferry slo for alvor gjennom i 1972, saman med bandet Roxy Music.
Art Rock-gruppa frå England var enormt populære gjennom 70-talet, både i heimlandet og utover i verda.
I seinare tid har Ferry gjort det svært bra som solomusikar. No kjem altså Bryan Ferry & The Bryan Ferry Orchestra til Moldejazz og Romsdalsmuseet.
– Vi synest det er kjempestas å få Bryan Ferry hit, spesielt når han har eit prosjekt som er nytt og relevant, seier jazzgeneral Jan Ole Otnæs til NRK.
– Han presenterer rockemusikaren Bryan Ferry, men også jazzmusikaren Bryan Ferry.
- Les også:
- Les også:
Stort band og lang musikkhistorie
Ferry sin konsert på Moldejazz blir den einaste i Skandinavia i sommar, fortel Moldejazz i ei pressemelding.
Konserten vil bli musikk frå både nyare plater, som soloplata «The Jazz Age», men ikkje minst songar og spor frå tida i Roxy Music.
Engelskmannen kjem med i alt 12 musikarar som utgjer både jazz- og rockeband.
Den norske favoritten
Same fredag under Moldejazz i juli spelar Susanne Sundfør.
Ho er kanskje Noreg sin mest populære artist dei siste åra, med albuma «The Brothel» (2010) og «The Silicone Veil» (2012).
Sundfør er nærmast skamrost av norsk presse, før ho med fjorårets album òg fekk svært gode kritikkar i utlandet.
Både Ferry og Sundfør spelar altså fredag 19. juli under Moldejazz – der billettsalet no er i gang.
- Les også:
- Les også: