Hopp til innhold

Ferjetrøbbel fører til køkaos

Tekniske problem på M/F Tustna fører til store køar på ferjestrekninga mellom Eidsdal og Linge i Norddal kommune.

MF Tustna og MF Aukra

FERJETRØBBEL: M/F Aukra vart måndag ettermiddag tatt ut av drift for å hjelpe M/F Tustna til land i Eidsdal.

Foto: NRK-tipsar

– No er M/F Aukra i tilbake i trafikk, men det er framleis lange køar både i Eidsdal og på Linge. Trafikken brukar å stilne litt utover kvelden og truleg vil det ta to til tre timar før køane er tilbake på eit normalt nivå, fortel overstyrmann på M/F Geiranger Geir Relling.

Aukra hjelper Tustna

Karstein Holm fortel at M/F Tustna forhåpentlegvis er tilbake i normal drift i morgon.

Foto: NRK-tipsar

Etter at M/F Tustna fekk tekniske problem måndag ettermiddag, er det berre to ferjer som no trafikkerer ferjestrekninga mellom Eidsdal og Linge. På eit tidspunkt var berre M/F Geiranger i normal rutedrift, då M/F Aukra måtte hjelpe M/F Tustna til land i Eidsdal.

– Dei arbeider for å reparere problemet med M/F Tustna no og håpet er at den skal vere tilbake i normal drift til i morgon, fortel fungerande operativ leiar for Fjord 1, Karstein Holm.