Hopp til innhold

Ferjetrøbbel

På ferjestrekninga Halsa- Kanestraum har det vore fleire innstilte avgangar i ettermiddag fordi bilferja "Svanøy" har fått tekniske problem, melder Fjord1. Dei to andre ferjene trafikkerer som normalt. Avgangen til "Svanøy" frå Kanestraum klokka 1650 er innstilt, melder ferjeselskapet. Dei tekniske problema for "Svanøy" har ikkje ført til større trafikale problem.